image0
Foto: Ingvild Festervoll Melien

Salongkonsert med Frode Skag Storheim, inkl Afternoon Tea.

«Salong» Ordet kling vakkert, og framkallar tilsvarande assosiasjonar. 
Salongen var den privat-offentlege arenaen der ein fekk presentert ny musikk, kunst og ein kunne diskutere politikk. Og ikkje minst: Salongen var der kvinner hadde innverknad. 
Frode Skag Storheim tek med publikum på ei tidsreise i Sandven hotel sin eigen salong, og trekker også inn kunstmåleren Hans Dahl sine skandinaviske salongar i Berlin frå århundreskiftet. 
Med musikk, ord og Afternoon Tea får publikum ei romantisk tidsreise dei neppe har opplevd maken til! 

Thon Hotel Sandven lagar til dei lekraste etasjefat med det som høyrer til på Afternoon Tea. Dette er inkludert i prisen