Hardingtonar

Om Hardingtonar

 BFO i Norheimsund Idrettshall
BFO i Norheimsund Idrettshall med Eivind Aadland som dirigent. (Foto: Hardingtonar)
Stiftinga Hardingtonar vart skipa ut frå eit ynskje om å auka kjennskapen til komponisten og hardingen Geirr Tveitt sin store og allsidige produksjon, i tillegg til å fokusera folkemusikk og anna kulturskaping i Hardanger. Sidan starten i 1991 har festivalen vore ein årviss musikkfest i Norheimsund. Med Bergen Filharmoniske Orkester som musikalsk hjørnestein og vitjing av framståande musikarar frå både inn – og utland, har tonekunstnaren Geirr Tveitt fått ein renessanse, og hans verk vert i dag stadig oftare framført rundt i Europa.

Hardingtonar har og fått vore eit springbrett for lokale musikktalent, og festivalen er i dag fundamentert som ein av dei viktige årlege musikalske høgdepunkt i Hardanger.