For å lage ein flott festival, treng me gode hjelparar! Er det deg?

IMG_3309%202

Eg er med!

Frivillig på Hardingtonar 2024?

Utan frivillige - ingen festival! Slik er det både for Hardingtonar og alle andre liknande arrangement! 

Kvifor vere frivillig?

Fordi det er moro og du får sjå og oppleve festivalen frå eit anna perspektiv. Du vil møte nye folk og dele gleda over musikken og festivalen. Å vere frivillig på festival er nok den beste bytehandelen du kan gjere!

Har du lyst til å bli med på laget? Meld deg i skjemaet på lenkja under, eller ring Arngunn på 975 15 156 for ein festivalprat. 

Kva kan du gjere?

Me treng folk til ulike oppgåver:

  • Publikumsvertar – for å vise publikum på plass på konsertane, hjelpe til rette og registrere publikum på gratisarrangement.
  • Billett – me treng billettseljarar, og personar til å skanne billettar.
  • Artistkontakt - møter artistane når dei kjem, og legg til rette slik at dei kan få eit best mogeleg opphald, og slik gjere ein best mogeleg jobb.
  • Arenaansvarleg - Ha oversikt på kvar enkelt konsertarena. Sjå at alle som skal vere der er til stades, og hjelpe til dersom noko trengs innan teknikk, rigg eller anna.
  • ​Informasjon – marknadsføring, distribusjon - Me treng deg som likar å skrive, poste ting i sosiale medier, kan passe på at sponsorane og gjester har det bra!
Meld deg som frivillig HER

Har du spørsmål knytt til frivilligoppgåver? Kontakt oss!

Dette ventar me av deg:

  • At du møter presis til vaktene dine
  • ​Når du er du på vakt, representerer du Hardingtonar. Gjer ditt beste for at Hardingtonar vert ei flott oppleving for publikum, gjester, artistar og medarbeidarane dine.

Dette får du:

  • opplæring og klare arbeidsinstruksar
  • ​gratis konsertar etter arbeidsmengd
  • ​gode opplevingar!