Geirr Tveitt - kort historikk

Geirr Tveitt var den mest fargerike norske musikkskaparen i sin generasjon - og den mest produktive. Han åtte det åndelege vengespenn og den fantasiens flukt som særkjenner kunstnarar med ein flik av genialitet. Strid og sta, ja visst – til liks med Beethoven, Munch og Picasso. Sær, tykte somme.

Dei opplevde ikkje den andre Geirr; eit eventyr av sjenerøsitet og festvitas, eit menneske som formidla sterk varme og vedunderleg humor, ofte med sjølvironisk sveip. I botnen var han smålåten, audmjuk på vegner av eigen musikk.

Sin komponistdebut fekk han alt under studieåra i Leipzig med ein klaverkonsert som hausta stor fagning. Gjennombrotet kom i 1938 med orkesterversjonen av Baldurs draumar, ein norrønt inspirert ballettmusikk, karakterisert som “årets musikkhending” i Oslo. Innsamling av folketonar før og under okkupasjonen resulterte i Femti folkatonar frao Hardanger for klaver og Hundrad hardingtonar for symfoniorkester, hans mest kjende verk som viser tilknytning til Bartok og Ravel i eit særmerkt folketoneinspirert impresjonistisk tonespråk på norsk grunn.

Som klavervirtuos og dirigent gjennomførde Geirr Tveitt omfattande turnear i Sør- Europa og Nord-Afrika, ikkje minst hadde han suksess med sine verk i Paris. Tveitt sin enorme produksjon spente frå opera, symfoniar og solokonsertar, til den enklaste vise. Nokre av hans visemelodiar, slike som, ”Vi skal ikkje sova bort sumarnatta”, er gått inn i det norske basisrepertoaret.

Av Reidar Storaas
 

Geirr Tveitt - Den korte historia
Tveitt, Geirr, 1908-1981, komponist, pianist og musikkteoretikar. Fødd 19.10.1908 i Bergen og døypt Nils. I 1935 endra han namnet til Geirr. Død 1.2.1981 i Oslo. Gravlagt på Vikøy kyrkjegard, Kvam, Hardanger. 
Av Reidar Storaas 
Les meir...

 

Lesestoff om Geirr Tveitt

HT08 samarbeider med Mic Media om levering av artiklar til Tveitt Hauge jubileum nettsida. 
Les meir...