Historikk

Sist i 80-åra forma det seg tankar om å skipa til ein musikkfestival i Norheimsund.

Ikkje minst kunne ein slik festival verta ein reiskap til å fremja Geirr Tveitt sin musikk. Namnet på festivalen var klart frå førstestund. ”Hardingtonar” assosierer til Geirr Tveitt si tilskiping av folketonar frå Hardanger. I orkesterversjonen vert verket presentert under vignetten Hundrad hardingtonar. Og i juni 1991 såg festivalen dagsens ljos for fyrste gong. Støypeforma vart lagd: Bergen Filharmoniske Orkester stiller med heile sitt batteri som orkester på opningskonserten om fredagen, der Geirr Tveitt sin musikk er sjølvskriven, og resten av helga er krydra med ulike sjangrar og stilartar. Formelen har me halde trufast på i alle år, og er lett attkjennande den dag i dag. Sonen til komponisten, Haoko Tveitt, var sentral i styret i desse viktige oppstartåra.

Å fremja Geirr Tveitts musikk har vore ei av hovudsakene for festivalen. Berre for ti år sidan var det heller sjeldan ein kunne høyra Tveitts store orkesterverk i konsertsalen, og i plateforret-ningane var mest inkje å finna.

I dag er dette annleis. Komponisten er oftare på konsertprogramma enn før, og ei rekkje kvalitetsinnspelingar finst på CD. Fleire er i kjømda. Tilrettelegging av notemateriale og auka interesse mellom dirigentar og solistar, større vilje i komiteane til å programfesta denne musikken også på turnear i utlandet saman med den djupare innsikt som nye oppføringar fører med seg, rekonstruering og forskingsarbeid - alt dette har medverka til den gledelege utviklinga.

Stiftinga Hardingtonar har - etter vår meining - gjeve et tilskot til den “Tveitt-bylgja” me no ser. Den produktive toneskaldens overveldande rike talent gav seg utslag i musikkverk av ulike slag, ikkje berre Velkomne med æra som alle kjenner. Hardingtonar har sett seg som mål å framføra flest mogeleg av Geirr Tveitts kvalitets-verk. Her er me på god veg. Me har hatt uroppføringar (“Prillar”) og fyrstegongs-oppføringar av rekonstruerte verk. Iherdig innsats frå Hardingtonar i godt samarbeid med Den Norske Opera og Bergen Filharmoniske resulterte i den fyrste konsert-framføringa av “Jeppe".

Fleire Tveitt-oppføringar har vore planlagt, men kunne ikkje gjennomførast av ulike grunnar. Di meir gleder det oss at det i jubileumsåret 2008 kunne plasserast ein hjørnestein i vårt Tveitt-prosjekt. Med suite nr. 5 “Trolltonar” - tilsidesett i mange år - har me gjennomført alle dei tilgjengelege fire orkestersuitane av Hundrad hardingtonar opus 151. 

Av Tveitt sin kammer-musikk finst ikkje mykje å gripa fatt i, men både strykekvartetten “Frå ei reisedagbok” og Konsert for fiolin og piano har stått på programmet. Sjølvsagt er klaver-musikken grundig presentert. Geir Botnen har spela sonate nr. 29, 
“Solgudens dans” og andre klaverstykke. Håvard Gimse har teke for seg Inventionar og folketonar. Jiri Hlinka sin meisterklasse på Framnes under Hardingtonar 1999, tok også opp Tveitt. Når publikum har bite merke i Hardingtonar, er det ikkje minst fordi P2 kvart år har sendt konsertar frå Norheimsund.

Hardingtonar går sjølvsagt ut over Geirr Tveitt-rammene. I jubileumsåret for Edvard Grieg 1993 sette me opp alle komposisjonar av Grieg skrivne i Hardanger: g-moll kvartetten, Den bergtekne, Album for mannssang, Holberg-suiten, songar og klaverstykke inspirert av Hardanger-naturen.

Festivalen vil fremja norsk musikk i vidare meining. Hardingtonar har tinga nye verk av samtidskomponistar og stått for urframføring av verk signert Hvoslef, Åm, Indrehus og Reiersrud.
Dessutan har festivalen i serleg grad teke vare på førre generasjons toneskaparar, dei samtidige med Tveitt. Det er ei kjent sak at komponistar lett blir gløymde når personen sjølv er borte og få stiller opp for å målbera deira kunst. Mykje verdfull musikk held på å gå i gløymeboka av den grunn. 

Hardingtonar har såleis framført verk av Haldor Meland, Olav Kielland, Eivind Groven, Sparre Olsen, Edvard Fliflet Bræin, Klaus Egge, David Monrad Johansen, Harald Sæverud og andre. Kantaten ”Ver Sanctum” av Sparre Olsen/Olav Aukrust hadde ikkje vore spela på mange år ( og finst framleis ikkje i NRK's lydarkiv) før festivalen programfesta verket med Orkesteret Fossegrimen i samarbeid med Hardingtonars prosjekt-kor. Då Hardingtonar sett opp ”Kalevala-suite” av Uno Klami med Harmonien, var det fyrste gongen eit norsk orkester spela dette orkesterverket - ein slags finsk pendent til Baldurs draumar. 

Ei anna programline gjeld kulturskaping i Hardanger. Festivalen har uroppført eit nytt verk til tekstar av Olav H. Hauge. Musikarar med basis i Hardanger har hatt ein sjøvsagt plass i festivalprogrammet.

Festivalen har etter kvart vakse til å verta ei årleg kulturarrangement i bygdene våre, og saman med gode støttespelarar både offentleg og privat har Hardingtonar eit solid fundament å byggja vidare på. Festivalen ynskjer å vera ein pådrivar for å få realisert Hardinghuset, eit regionalt kulturhus der komponisten Geirr Tveitt vil få en sentral plass Det ligg nok nokre år fram i tid, men i mellomtida ynskjer festivalen å fargeleggja bygda vår med nye Tveitt-framføringar, og å vera ein tilretteleggjar og premissleverandør for all god musikk – og scenekunst.
 
Hovudsponsor
spv
Sponsorar
norheimsund-regionsenter
lingalaks
Ein stor takk til våre samarbeidspartnarar og våre sponsorar. Utan deira støtte ville det ikkje bli ein Hardingtonar musikkfestival.
Samarbeidspartnarar
harmonien-logo-liten
Musikselskabet
Harmonien
kvam-herad
Kvam herad
norsk-kulturraad
Norsk Kulturråd
hordaland-fylkeskommune-svart
Hordaland fylkeskommune
grasrotandelen
Støtt Hardingtonar Stiftinga med grasrotandelen din når du tippar, kjøper lotto, joker o.s.v.
Hardingtonar, Tolovegen 38, 5600 Norheimsund   -   post@hardingtonar.no   -   Besøk oss på Facebook
Hovudsponsor
spv
Sponsorar
norheimsund-regionsenter
lingalaks

Ein stor takk til våre samarbeidspartnarar og våre sponsorar. Utan deira støtte ville det ikkje bli ein Hardingtonar musikkfestival.

 
Samarbeidspartnarar
harmonien-logo-liten
Musikselskabet
Harmonien
kvam-herad
Kvam herad
norsk-kulturraad
Norsk Kulturråd
hordaland-fylkeskommune-svart
Hordaland fylkeskommune
grasrotandelen
Støtt Hardingtonar Stiftinga med grasrotandelen din når du tippar, kjøper lotto, joker o.s.v.
Hardingtonar, Tolovegen 38, 5600 Norheimsund   -   post@hardingtonar.no  -  Besøk oss på Facebook