karlsen photoby david zadig-7
Foto: David Zadig

Steinar Karlsen

Sunnfjording Steinar Karlsen gjorde i 2022 kvemming av seg. Gitaristen er kjend frå bl.a. to gonger Spellemannsnominerte Good Time Charlie, men til Hardingtonar kjem han som soloartist. 

Du får høyre sjølvskrivne komposisjonar med element frå blues, jazz og folkemusikk. Den gode melodien står i sentrum når artisten frå Sunnfjord formidlar instrumentalmusikk. 

Karlsen har hausta åtgaum for musikken sin sidan debuten med "Ulydium" i 2011. Det amerikanske magasinet Vintage Guitar har omtala gitaristen som "assuredly one of the brightest lights in the world of instrumentals". 

Ynskjer du å bli meir kjend med Karlsen før konserten, er albumet "Transitt" (2023) ein fin stad å byrje.

Drøym deg vekk til stemningsfull historieforteljing utan ord.

"Uendelig vakkert" 

-Øyvind Pharo, Bluesnews