bfo orkester foaje 29 8 23 6907 oransje skjerm srgb

Opningskonsert i stor skala! Ei veke att!

På opningskonserten under årets festival vert mykje som det har vore mange gonger før. Konserten er på ein fredag, som før. Klokka 19:30, som før. Med Bergen Filharmoniske Orkester, som før. Med musikk av Geirr Tveitt, som før. Med musikk av Edvard Grieg, som nokre gonger før.

Men i tillegg er det også mykje som aldri har skjedd før! 
Dette vert ei oppsetting med både orkester, kor med omlag 100 lokale korsongarar, skodespelarar og dansarar frå Kvam kulturskule og lokale solistar. Totalt altså omlag 200 personar!