plakatbilete

Hardintonar - endeleg på sporet att!

Festivalen vår startar i Kabuso torsdag 9. juni : Pianist Torgeir Kinne Solsvik og songar Njål Sparbo serverer tekstar tonesett av Geirr Tveitt og Edvard Grieg. 

Fredag 10.juni vert det konsertar for eldre både på Toloheimen og Mikkjelsflaten. Det er Solsvik og Sparbo som besøkjer dei to institusjonane. Om kvelden er det klart for Opningskonserten med sjølvsaste Bergen Filharmoniske Orkester (BFO). Det er sjefsdirigenten deira Edward Gardener som er med dei. Og me frydar oss over å få eit heilt symfoniorkester inn i konsertsalen vår! Me er heldige!

Laurdag 11. juni  I idrettshallen i Norheimsund kan du ta med deg strikketøyet ditt og nyte både strikketøy, kaffi og ein fabelaktig konsert med Trondheimsolistene og strikkedesignarane Arne og Carlos. I hotellhagen er det duka for korps og kake når våre gode hjelparar Norheimsund musikklag lagar til ein feiande korpskonsert for å takke av dirigenten sin, Patrik Randefalk. Festkonserten laurdag kveld i Norheimsund idrettshall står sjølvaste Silje Nergård for saman med Trondheimsolistene. Men me er me ikkje ferdige med dette må du tru! Nei, då held det fram med magisk seinkveldskonsert med Sigrid Moldestad i Øystese kyrkje kl 23:00!

Sundag 12. juni vert også flott. Då er det duka for ein skikkeleg familiekonsert i idrettshallen! Me byr på Rockesock, med lokale heltar: «Naboen min»! Me toppar sundagskvelden med konsert i Norheimsund kyrkje med musikken frå sjølvaste Peer Gynt. Ragnhild Hemsing og Trondheimsolistene framfører spesialsrrangert musikk for hardingfele og strykeensemble.
Å, som me gler oss!