437530425 439868371856473 8031324675587986925 n
Foto: Kathrine Helgheim van Tulder

Frukost med FRYD

Å ete frukost med fryd er viktig kvar dag, og nett denne dagen kan du, etter ein frukost i kaféen på Kabuso, også nyte vakre tonar frå damekoret FRYD frå Kvam Kulturskule. Damekoret består av 20 damer som under dirigent Anne Cathrine Eiken si stødige leiing, gjev deg ei flott songoppleving som høyrer våren, sommaren og kjærleiken til. Ragna Helene Soldal knytter det heile saman med dikt og tekst. Gled deg til eit vårleg friskt pust, ei oppleving litt utanom det vanlege, ein frukost med FRYD der me serverer ei blanding av svenske viser, tradisjonelle songar og bånsullar.

Du kan sjølvsagt ete sundagsfrukosten din heime, men om du vil, kan du ete den i Kabuso frå kl 10:00 
På frukostmenyen står det: 
* Bagel med kremost, salat , røykelaks eller spekeskinke.
* Spildemost
* Fruktbeger 
Kr. 125,- per pers