n4nesdmd
Foto: Petronelle Halvorsen

Bjørn Tomren - me møtest i hotellhagen! *

Bjørn Tomren - artist, låtskrivar og vokalutøvar frå Tomrefjord. Tomren si musikalske rekkevidde spenner seg frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialekt-punk og psykedelisk-protest musikk.  Han er kjend mellom anna frå jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine og bandet Kniven På Strupen med Ole Paus.

Bjørn Tomren har også gjennomført fleire ekspedisjonar og innehar verdsrekorden i flest forseringar av Noreg på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt. Han kan også sjå tilbake på ei kort en karriere som klovn. Eller som forfatteren Erlend Loe seier det: «Bjørn Tomren er ikkje berre ein gudbenåda musikar med fantastisk stemme. Han kan også sykle på ett hjul». Stjernekamp er ikkje den første konkurransen Tomren gjer seg bemerka. I 2017 deltok han på verdsmeisterskapet i strupesong i Tuva, og tok heim ein bronsehest. Ein allsidig kar der altså.

Med seg på scenen på denne konserten har Tomren Åse Britt Jakobsen, Edvard Mjanger og Hans Olav Molde.