Hardingtonar
valkyrien

VALKYRIEN kjem til Hardingtonar

Tuva Livsdatter Syvertsen fele, hardingfele, song, trekkspel
Erik Sollid  fele, hardingfele, mandolin, song
Martin Viktor Langlie  trommer
Magnus Larsen Jr.  kontrabass

No har dei parkert tilnamnet ”Allstars”, men dei vidarefører sitt særeige lydbilde som ingen andre har.
Bandet har gitt ut si 5. plate "prøv å si noe til meg nå" der ein framleis kan høyra det folkemusikalske utgangspunktet, men denne gongen vert publikum servert tradisjonen på ei seng av akustisk popmusikk med ein god del synth.

Gjennom 10 år har bandet utvikla seg til eit solid og leikent liveband som aldri spelar to like konsertar. Frå Valkyrien slapp si debutplate i 2007, eit album som selde til gull, har dei fortsett med å utforska og utfordra bruken av tradisjonelle instrument og gamal norsk musikk – i eit kontemporært uttrykk.