Hardingtonar
tveitt-nettside

SUNDAGSTUR til Bjødnabrakane

På oppfordring frå Hardingtonar, og i samråd med familien Tveitt, har Rotaryklubben i Kvam rydda store delar av tomta til Geirr Tveitt på Bjødnabrakane. Hardingtonar og familien vil difor i år invitera publikum til ei generalprøve på denne tomta som kan utviklast til ein konsert- og arrangementarena.

Transport til Tveit. På grunn av få parkeringsplassar på Tveit vert det sett opp skysstilbod frå Haldeplassen i Norheimsund til Tveit. Det tek ca 20 minutt å gå opp frå Tveitt til Bjødnabrakane på god skogsveg. Me oppfordre publikum om å nytta skysstilbodet eller gå heile vegen frå sentrum.
Billett til transporten på kr. 100,- kan kjøpast på Festivalkontoret (ved hotellet) med VIPPS eller kontant.
Hugs gode sko og drikke i varmen. Ta med noko å sitja på om du treng det.

NB! Pga skogbrannfaren vert det røykeforbod heile vegen opp og i heile skogsområdet.

Litt om Bjødnabrakane:
Bjødnabrakane er staden der Geirr Tveitt sette opp sin fyrste komponistheim for seg og familien sin. Langt oppe i lia ovanfor garden på Tveit med panoramautsikt over fjorden og Folgefonna skapte Tveitt mange av sine kjende komposisjonar. I dag er huset borte, berre murane står att, men panoramautsikta er den same. 
 
Det har vore mange tankar og idear om å skapa ein utearena for musikkframføring nettopp her, i Tveitt si ånd. Me vonar dette vert dei fyrste stega for å få draumen realisert.
 
På Geirr Tveitt si tid var det berre ein sti til Bjødnabrakane, i dag går det ein skogsveg opp, det er difor lett å gå opp i frå Tveit.