dovregubbenshall stills 1 90 1
Foto: Valkyrien Productions

Trondheimsolistene + Ragnhild Hemsing

Til denne konserten har Trondheimsolistene med seg solist og hardingfelevirtuos Ragnhild Hemsing, kjent for sine vakre og nyskapande tolkningar av Edvard Grieg. Her får me mellom anna høyre Peer Gynt-suite, arrangert spesielt for hardingfele- og fiolinsolo med strykeorkester.

Edvard Grieg har sjølv sagt at suiten er inspirert av norsk folkemusikk. Understrengene er sjølve kjerna til hardingfela og dei første tonane i Morgenstemning i Peer Gynt er henta nett frå understrengene på hardingfela. Målet med samarbeidsprosjektet er å dykke djupare ned i Griegs musikk til Peer Gynt og utforske skjæringspunktet mellom folkemusikk og klassisk musikk.

I denne konserten er Edvard Grieg si Peer Gynt-suite nr. 1 og 2  arrangert spesielt for hardingfele- og fiolinsolo med strykeorkester, av Tormod Tvete Vik.

Lytt til musikken her.