skjermbilde 2024-02-23 kl  18 07 51
Foto: Sjur Pollen

Sjøforsvarets musikkorps

Sjøforsvarets musikkorps heitte tidlegare Forsvarets musikkorps Vestlandet. Dei er
eitt av to profesjonelle orkester i Bergen. Det er òg eitt av fem profesjonelle musikkorps i Forsvaret. Sjøforsvarets musikkorps er eit dynamisk ensemble og løyser seremonielle oppdrag for Forsvaret, men held og konsertar over heile Vestlandet. Me gler oss stort over at dei kjem!

Denne kvelden vert ikkje SFMK åleine! Norheimsund musikklag, Øystese musikklag, Ålvik musikklag og Tørvikbygd musikklag og Kvammakorpset er alle invitert til å vere med. Så då gjenstår det å sjå - kor mange korpsmusikanter klarar me å samle i idrettshallen denne kvelden?

Dirigent: Bjørn Sagstad, fagdirektør, Forsvarets musikk 

Solistar: Frå eigne rekkjer, samt lokale krefter