Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk, vise -og tradisjonsmusikk. Ho har eit sterkt fortellerhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli og sjølvskrivne viser og tekstar.
No gler me oss stort til å ynskje Sigrid og musikarane hennar hjarteleg velkomne til ein stemningsfull seinkveldskonsert i Øystese kyrkje!
Sigrid vaks opp i den vesle bygda Breim i Nordfjord og vart tidlig introdusert for felemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heimområde. Det er også denne musikken som er inspirasjon og rot i mykje av det ho skapar sjølv.
På konserten i Øystesekyrkja denne kvelden vil Sigrid og musikarane hennar framføre både nyskrivne og tradisjonelle slåttar.
Sigrid Moldestad: feler / vokal
Kåre Opheim: trommer/perkusjon
Sondre Meisfjord: kontrabass
Lars Jakob Rudjord: tangenter