bfo orkester foaje 29 8 23 6907 oransje skjerm srgb
Foto: Lars Svenkerud

Opningskonsert 2024

Denne opningskonserten vert storslått!
Bergen Filharmoniske orkester stiller klare til å framføre verk av Geirr Tveitt. I tillegg har dei med seg fleire klassikarar i sekken. Dei kjem nemleg også med musikk frå Peer Gynt! Du kan vente deg kjende musikkstykke som perler på ei snor! Me nemner i fleng: Morgenstemning, Dovregubbens hall, Anitras dans, Solveigs sang. Med seg har BFO denne kvelden både lokale solistar og koristar frå Kvam! Me gler oss til å servere klassiske perler med lokale musikarar i fin blanding med Vestlandet sitt eige orkester BFO.

Dirigent: Ingunn Korsgård Hagen