Resultatet får du på denne konserten under Hardingtonar.
Strikk og lytt med Arne og Carlos og Trondheimsolistene.
Første gong Arne & Carlos og Trondheimsolistene møttes, var på St Magnus Festival på Orknøyene i 2014. Dei oppdaga fort at dei kunstnariske uttrykka deira hadde mykje til felles.
I 2020 bestilte Trondheimsolistene eit eige design for «Trondheimsolistvotten» og tilhøyrande håndleddsvarmarar av Arne & Carlos. På konserten vil Arne & Carlos fortelje om korleis dei oppsøkte inspirasjon frå både rosemålingstradisjon og musikk. Dei vil også ha med strikketøyet for å vise nokre strikketekniske tips til oppskrifta. Trondheimsolistene har sett samen eit musikkprogram de tenkjer vil passe godt til strikking, og sjølvsagt for å skape ein triveleg atmosfære.
Les meir om Trondheimsolistene
her. Og om samarbeidet deira med Arne og Carlos
her.
Me gler oss til konsert, og håpar du også gjer det same. Kom enten med eller utan strikketøy!!