kleive og knut c kristin maberg
Foto: Kristin Ma Berg

Knut Reiersrud og Iver Kleive

I snart 30 år har dei spelt for fullsette kyrkjer og konsertlokale rundt om i Norge. Med utgangspunkt i norske folketonar, salmar og eigne kompsisjoner har dei to emininte musikarane  tilført ein ny dimensjon til tradisjonell kyrkjemusikk.

Mange hugsar utgjevingane deira «Blå Koral» (1991), «Himmelskip» (1996) og «Nåde over Nåde» (2006) som vakre bautaer over den langvarige sivilisasjons-kollisjonen mellom europeisk kyrkjemusikk og afroamerikansk rytmikk og tonekjensle. 

“De to norske musikere er i en klasse helt for sig…
At spænde en himmelbro imellem det fineste og bedste af kirkemusikken på den ene side og tidens klang og rytmer på den anden – og at færdes frem og tilbage på den bro med engles lethed.” (Dansk konsertanmeldelse)

Me ynskjer deg hjarteleg velkomen til å avslutte festivalhelga med desse to fabelaktige musikarane. Set deg ned, senk skuldrene og nyt!