fullt orkester med paraplyer p%c3%a5 skoltegrunnskaien  foto oddleiv apneseth
Bergen Filharmoniske Orkester Foto: Oddleiv Apneseth
Sjefsdirigent Edward Gardener
Sjefsdirigent for Bergen Filharmoniske Orkester Edward Gardener
Solist James Ehnes
Solist Jamen Ehnes Foto: Benjamn Ealovega

JUBILEUMSTONAR Opningskonsert med Bergen Filharmoniske Orkester

Bergen Filharmoniske Orkester er heile Vestlandet sitt orkester. I mange år har BFO vore ein hjørnestein for musikkfestivalen Hardingtonar og også dette året er det dei som tek ansvaret for opningskonserten. Denne kvelden opnar me den 30. Hardingtonarfestivalen i rekkja!

Dirigent: Edward Gardner, dirigent
Solist: James Ehnes, fiolin

På programmet: 
Geirr Tveitt: Opningsverk
Carl Nielsen: Konsert for fiolin og orkester, op. 33
Igor Stravinsky: Vårofferet
 
Sjefdirigent Edward Gardner tek med seg eit uvanleg stort orkester til Hardingtonar i år, heile 110 musikarar. Det må til for å kunne framføre Vårofferet, Igor Stravinsky sitt banebrytande verk, som skapte sjokkbylgjer då balletten vart sett opp for fyrste gong i Paris i 1913. Både koreografien til Nijinski og musikken til Stravinsky braut med alle etablerte normer, og skandalen var eit faktum då dansarane ikkje heldt takten. «Verket til ein galen mann», sa operakomponisten Puccini. I dag er musikken trygt etablert på repertoaret, no som eit framleis friskt og nyskapande konsertstykke. 
Den store danske komponisten Carl Nielsen byrja på sin einaste fiolinkonsert då han, etter invitasjon frå Nina Grieg, vitja Bergen i 1911. «Musikken må vere god, innhaldsrik og slåande utan å vere overflatisk» sa Nielsen sjølv om konserten. Fiolinkonserten er i gode hender hjå den kanadiske fiolinisten James Ehnes, som fleire gonger har vore solist med Bergen Filharmoniske Orkester.

Les kva NRK skriv om Vårofferet og komponisten her.
skodvin gardner 06 2000px