HAGETONAR Korps og kake i hotellhagen
Hardingtonar sine superheltar - Norheimsund Musikklag har sidan starten hatt ei viktig rolle i rigging og rydding i samband med Hardingtonar. Dei siste åra har ledige stunder på laurdagen også vore nytta til ein utekonsert i hagen framom Sandven Hotell på laurdag ettermiddag. Slik vert det også i år. Me gler oss!
- Åsane Musikklag har vore med på denne konserten i fleire år, og nytt av året blir at me også får med oss Manger Old Star Brass, eit brassband som ligg eit par divisjonar over oss andre, og vil gje konserten eit ekstra løft, seier leiar for musikklaget, Edmund Tolo. Dirigent for alle korpsa er Patrik Randefalk, som har vore ei sterk drivkraft i å løfta korpsa til nye høgder. Patrik er også dirigent for Norheimsund Skulemusikklag og har fått fram unge flinke musikantar som no både spelar i korpset og er solistar saman med dei.
Som om ikkje det var nok med flott korpsmusikk, slår inviterer Hardingtonar til kakefest! Under pandemien feira me 30 år som festival, det vart ei sparsommeleg feiring. No ynskjer me å be deg til 30 årsfest med korps og kake!