velkomen heim-utsnitt

VELKOMEN HEIM

laurdag 10. juni kl. 12:30. Oppmøte utanfor Festvalkontoret i Galleri Puls.

Hardingtonar har inngått eit samarbeid med GJEVT.
GJEVT består av regissør Maike Flick og songar Anne Cathrine Eiken, som jobbar med å skapa unike konsertopplevingar på utradisjonelle stader.
I år inviterer Hardingtonar og GJEVT til konsertar heime hjå sambygdingar her i Norheimsund.
Konsertane blir haldne i tre ulike stover.
Publikum møter utanfor Festivalkontoret i Galleri Puls i sentrum av Norheimsund, laurdag 10. juni kl. 12:30. Herifrå går turen til fots til dei ulike stovene, leia av ein konsertvert.
Kvar konsert varar i 20–30 minutt. Etter kvar konsert går turen vidare til neste stove. Det vert ein spasertur på ca 15 - 25 minutt mellom kvar stove.
Artistane har skreddarsydd konsertane sine til sine stover.
Velkomen heim! Døra står på gløtt …

Artistane på konsertruta Velkomen heim er:
vokalgruppa Taus
pianist Frode Skag Storheim
dansar Lisa Nøttseter
kontrabassist Ole Amund Gjersvik