48381295 10156828324279509 569783431072841728 o

Silya er eit fyrverkeri på scena. Laurdag 8. juni kan du oppleva ho saman med bandet sitt, The Sailors, i Norheimsund Idrettshall. Dei fleste hugsar ho frå programmet Stjernekamp på NRK

Gå ikkje glipp av denne konserten.

Silya er ein av Norges sterkaste live-artistar og har spelt over 100 konsertar med bandet sitt Silya & the Sailors dei siste åra. Etter å ha via nesten heile livet til musikk er Silya blitt ein sjeldan kraftfull musikar og låtskrivar med eit nærvær som bergtar publikum og meldarar kvar gong ho opptrer.