Hardingtonar
ragnhild hemsing med bfo

Hardingtonar har gleda av å få eit nytt besøk av Ragnhild Hemsing. Denne gongen som solist i Tveitt sitt stykke Tri Fjordar med Bergen Filharmoniske Orkester.

Ragnhild Hemsing skil seg ut som ein uvanleg allsidig artist. Ho har djupe røter i folkemusikktradisjonen, og på ein vellykka måte smeltar ho saman typiske trekk ved norsk folkemusikk og klassisk musikk på ein ungdommeleg, frisk og moderne måte.
Hemsing har eit stort repertoar med klassiske soloverk for fiolin, og supplerer det med meir kompliserte verk skrivne for hardingfele som til dømes Geirr Tveitts «Tri fjordar» for hardingfele og orkester.
 I 2018 fekk ho Hilmar Alexandersen musikkpris nettopp fordi ho saman med ein imponerande karriere som klassisk fiolinist også på framifrå måte har makta å løfte fram folkemusikken og hardingfela.