Hardingtonar
norheimsund

Hardingtonar 11.-13. juni 2021! - AVLYST

Planlegginga av årets festival var nær avslutninga, me er svoltne på konsertopplevingar og hadde gledd oss stort til å presentere festivalprogrammet for dykk!
På styremøte i veke 12 tok me likevel den vanskelege avgjerda om å avlyse også Hardintonar 2021. Det er svært beklageleg, men slik me vurderer det er det for usikkert å lage til konsertar i Norheimsund alt i første halvdel av juni. Me har altså kome til same konklusjon som Hardanger trebåtfestival, som også skulle haldast same helg.

Me ynskjer å takka alle positive sponsorar, samarbeidspartar og artistar som var med i dei kjekke festivalplanane våre.
No må me berre krysse fingrar og gle oss til Hardingtonar 2022!

Med avlyste festivalar i både 2020 og 2021, kan me avsløre at me har eit eventyrleg festivalprogram så godt som klart for neste år! Dato for festivalen vert 10.-12. juni 2022!

Hald avstand, hald saman og hald ut!