Christianssand String Swing Ensemble
Sundag 19. juni 2011 - kl. 20:30
Thon hotel Sandven
Festivalhelga vart avslutta med ei hardtslåande energibombe.
Christianssand String Swing Ensemble har ein intensitet og ei nerve som er svært smittsam. Det fekk publikum oppleva i full mon på sundagskvelden.
Det var også skreve om dei; at det melankolske uttrykket er og ein viktig del av den heilskapelege konsertopplevinga.
Med ingrediensane sigøynarjazz, franske chansons, amerikansk jazz, opera, og en 1/4 kilo sirkusmusikk, blir møtet med bandet ei uføreseieleg og spanande oppleving.
Ensemblet sitt sjølvlærte skulekor kom som eit av ekstranummera.
www.stringswing.no