Når kastanjene blomstrer
Laurdag 18. juni kl. 11:30 Toloheimen
Laurdag 18. juni kl. 15:30 Thon hotel Sandven Sundag 19. juni kl. 11.30 Mikkjelsflaten
Anne Cathrine Eiken, sopran
Lars Inge Haugen, baryton
Audun Kayser, piano
Ronja Fonnaland, 10 år
Kaisa Engeseth Andersen, 7 år
Hardingtonar kan nok ein gong visa til ein vellukka konsert for dei eldre.
Anne Cathrine Eiken, som no tek Mastergrad i song på Griegakademiet i Bergen, har utvikla vidare dette tilbodet og hadde ansvaret for å setje saman eit nytt program for dei eldre.
Anne Cathrine hadde med seg dyktige musikarar frå Bergen og talentfulle born og ungdom frå Kvam. Programmet var i år mimresongar frå krigens dagar og den tidsepoken. Songar frå vårt fedreland hadde hovudtyngda, men og innslag av kjende songar frå andre nasjonar.
Konserte var eit samarbeid med
Den Kulturelle Spaserstokken.