begge

Tveittsongar og ein kaffikopp- i Skaarhuset

Songaren Njål Sparbo og pianisten Einar Røttingen har samarbeidd i 20 år, med hovudvekt på songar av norske komponistar.
Under Hardingtonar 2020 får me den kunstnariske avslutninga av eit tre-årig prosjekt ved Universitetet i Bergen, der dei to har fordjupa seg i 70 songar av Geirr Tveitt. Dette gjer me ved å ha tre konsertar, fordelt på tre dagar, i tre ulike konsertlokale

Denne festivalsundagen besøkjer me stovene i Skaarhuset i Norheimsund. Her får me servert tredje og siste konsert i serien av Tveittsongar. Denne gongen er det tekstar av Olav H. Hauge og Jan Magnus Bruheim.