cider

Tveittsongar - med noko attåt

Songaren Njål Sparbo og pianisten Einar Røttingen har samarbeidd i 20 år, med hovudvekt på songar av norske komponistar.
Under Hardingtonar 2020 får me den kunstnariske avslutninga av eit tre-årig prosjekt ved Universitetet i Bergen, der dei to har fordjupa seg i 70 songar av Geirr Tveitt. Dette gjer me ved å ha tre konsertar, fordelt på tre dagar, i tre ulike konsertlokale

Dette er den andre konseten i rekkja og presenterer dei meir livlege Tveittsongane. Desse har tekstar av Herman Wildenvey og Aslaug Vaa. Musikken og songane vert her servert saman med ulike typar cider og noko å bite i.