begge
Elisabeth Wathne

Tveittsongar I - Njål Sparbo og Einar Røttingen og Damekoret FRYD!

Songaren Njål Sparbo og pianisten Einar Røttingen har samarbeidd i 20 år, med hovudvekt på songar av norske komponistar.
Under Hardintonar 2020 får me den kunstnariske avslutninga av eit tre-årig forskningsprosjekt ved Universitetet i Bergen, der dei to har fordjupa seg i 70 songar av Geirr Tveitt. Dette gjer me ved å ha tre konsertar, fordelt på tre dagar, i tre ulike konsertlokale

Tveittsongane ligg i grenselandet mellom folkelege viser og klassiske romanser. Den særeigne tonaliteten og folkelege rytmen i Tveitt sin musikk bidreg til å framheve det vakre, det alvorlege, underfundige, flyktige, humoristiske i tekstane.

Under denne første konserten i Kabuso vert det framført tekstar av Aslaug Låstad Lygre og Arnulf Øverland.

Damekoret til Kvam kulturskule, FRYD, opnar konserten, og med det heile festivalen, med eit knippe Tveittsongar. Dirigent Anne Cathrine Eiken