img 0690
Ørjan Hartveit og Torgeir Kinne Solsvik. Foto: Hardingtonar

Torgeir Kinne Solsvik, piano og Ørjan Hartveit, baryton

Torgeir Kinne Solsvik og Ørjan Hartveit er begge Hardingar. Torgeir er frå Norheimsund og Ørjan frå Odda. Dei har begge solid klassisk musikkutdanning og ein aktiv og allsidig karriere som musikarar både i inn-og utland. Dei har samarbeid over mange år og har spelt in plate saman. Begge kjenner godt til Geirr Tveitt sin musikk. Me reknar med eit variert program med musikk av fleire komponistar.
Hardingtonar er glad for å få tilby deira konsert til dei eldre på Institusjonane, gjennom Den Kulturelle Spaserstokken. i Kvam herad.