img 1647
Torgeir Kinne Solsvik og Ørjan Hartveit. Foto: Hardingtonar
Foto: Eric Clement

Torgeir Kinne Solsvik, klaver og Ørjan Hartveit, baryton gav ein flott konsert på sundagen.

Torgeir Kinne Solsvik og Ørjan Hartveit er begge Hardingar. Torgeir er frå Norheimsund og Ørjan frå Odda. Dei har begge solid klassisk musikkutdanning og ein aktiv og allsidig karriere som musikarar både i inn-og utland. Dei har samarbeid over mange år og har spelt in plate saman. Begge kjenner godt til Geirr Tveitt sin musikk. Me reknar med eit variert program med musikk av fleire komponistar.

Ørjan Hartveit har etter fleire år utanlands  busett i Bergen og er idag tilknytt det internasjonalt anerkjente vokalensemblet Edvard Grieg Kor.
Ørjan har si utdanning frå Trinity College og Music, London
 
På nettsida hans står det mellom anna:
Med et repertoar som strekker seg fra tidlig barokk og frem til vår egen tid, har Ørjan Hartveit opptrådt med blant andre Bergen Filharmoniske Orkester/Gardner, BIT20, Copenhagen Soloists, Drottningholms Barockensemble, Ensemble du Monde og Kristiansand Symfoniorkester, og vært solist ved festivaler som Festspillene i Bergen, Equinox i Köln og Zugizimai i Vilnius.
Han har og delteke i  mange uroppføringar….
 
Hartveit har også gitt en rekke solo-recitaler i USA og Europa, deriblant på Troldhaugen i Bergen, og innspilt verker av Mozart og Vivaldi med Copenhagen Soloists (Micropascal), Geirr Tveitt (KinnePiano) og Ralph Vaughan Williams (Albion Records). For sistnevnte utgivelse ble han mellom annet omtalt i International Record Review som «definitely a name to look out for».

Torgeir Kinne Solsvik  har busette seg i heimbygda. Han er ein allsidig musikar og pianist med mange solokonsertar og ikkje minst samarbeider han med mange andre musikarar, kor og orkester i inn- og utland.
Solsvik har si utdanning frå Conservatorium of music, University i Sydney  og Griegakademiet i Bergen.

Torgeir seier: Med utgangspunkt i klaverspelet tek eg fatt på mange ulike musikalske oppgåver. Rolla som pianist er jamt fordelt mellom solist, kammermusikar og akkompagnatør. I tillegg har dirigering og korarbeid fått ein stadig større plass i min musikalske kvardag. Det same gjeld orgelspelinga der eg får formidla musikk til alle livets fasar.  
Eg liker å tenkja ut eit prosjekt og gjennomføra alle ledd, både organisatorisk og musikalsk, fram til ferdig produkt/konsert. Samstundes tek eg gjerne oppdrag der eg kun er eit innslag i eit program eller aktør i ein produksjon. 
Eg strever etter å levera kvalitet, men inspirasjonen ligg i å skapa noko positivt gjennom musikken.


 
Hovudsponsor
Sponsorar
Samarbeidspartnarar
Musikselskabet
Harmonien
Kvam herad
Norsk Kulturråd
Hordaland fylkeskommune
  
Ein stor takk til våre samarbeidspartnarar og våre sponsorar. Utan deira støtte ville det ikkje bli ein Hardingtonar musikkfestival.
Støtt Hardingtonar Stiftinga med grasrotandelen din når du tippar, kjøper lotto, joker o.s.v.
Hardingtonar, Tolovegen 38, 5600 Norheimsund   -   post@hardingtonar.no   -   Besøk oss på Facebook
Hovudsponsor
Sponsorar
 

Ein stor takk til våre samarbeidspartnarar og våre sponsorar. Utan deira støtte ville det ikkje bli ein Hardingtonar musikkfestival.

 
Samarbeidspartnarar
Musikselskabet
Harmonien
Kvam herad
Norsk Kulturråd
Hordaland fylkeskommune
Støtt Hardingtonar Stiftinga med grasrotandelen din når du tippar, kjøper lotto, joker o.s.v.
Hardingtonar, Tolovegen 38, 5600 Norheimsund   -   post@hardingtonar.no  -  Besøk oss på Facebook