sirkel foto - to damer to herrer%5b1%5d
Sirkel foto

To DAMER To HERRER

Det er duka for ei heftig musikalsk oppleving når syskenpara Eldbjørg og Ragnhild Hemsing og Gjermund og Einar Olav Larsen held konsert på Hardingtonar. Dei vert på kvart sitt felt rekna bland dei leiande i landet. 

Den nennsame og usigeleg vakre og tidvis gneistrande virtuose blandinga av folkemusikk og klassisk musikk vert framført med varme og ekte musikalsk glede,  saman med eit teknisk overskot som ein knapt finne maken til i Norge. Dei har eit lidenskapeleg nærvær og intens formidling som gjer konsertane deira til ei oppleving utanom det vanlege, saman med den lune humoren dei omgjev seg med.

I løpet av en liten tiårsperiode og ung alder, har dei kvar for seg og i duo, ei imponerande merittliste av norske og internasjonale prisar og topplasseringar i konkurransar både  i klassisk,  i gammaldans og folkemusikk. Dei spelar og med andre orkester i Norge, samt  reiser verda rundt med solistoppdrag.

På Hilmarfestivalen i 2011 var fyrste gong dei to syskenpara spelte saman under namnet To damer To Herrer.

Systrene Eldbjørg og Ragnhild Hemsing frå Valdres, kjenner me frå fleire minnerike konsertar hjå Hardingtonar. Dei har eit musikalsk bodskap og formidling som når ut til eit breitt publikum.

Brørne Gjermund og Einar Olav Larsen frå Verdal vitja Hardingtonar saman med TrondheimSolistene i 2012. Me gler oss stort til eit gjensyn med dei.









 
Hovudsponsor
spv
Sponsor
norheimsund-regionsenter
Ein stor takk til våre samarbeidspartnarar og våre sponsorar. Utan deira støtte ville det ikkje bli ein Hardingtonar musikkfestival.
Samarbeidspartnarar
harmonien-logo-liten
Musikselskabet
Harmonien
kvam-herad
Kvam herad
norsk-kulturraad
Norsk Kulturråd
hordaland-fylkeskommune-svart
Hordaland fylkeskommune
grasrotandelen
Støtt Hardingtonar Stiftinga med grasrotandelen din når du tippar, kjøper lotto, joker o.s.v.
Hardingtonar, Tolovegen 38, 5600 Norheimsund   -   post@hardingtonar.no   -   Besøk oss på Facebook
Hovudsponsor
spv
Sponsor
norheimsund-regionsenter

Ein stor takk til våre samarbeidspartnarar og våre sponsorar. Utan deira støtte ville det ikkje bli ein Hardingtonar musikkfestival.

 
Samarbeidspartnarar
harmonien-logo-liten
Musikselskabet
Harmonien
kvam-herad
Kvam herad
norsk-kulturraad
Norsk Kulturråd
hordaland-fylkeskommune-svart
Hordaland fylkeskommune
grasrotandelen
Støtt Hardingtonar Stiftinga med grasrotandelen din når du tippar, kjøper lotto, joker o.s.v.
Hardingtonar, Tolovegen 38, 5600 Norheimsund   -   post@hardingtonar.no  -  Besøk oss på Facebook