ragnhild hemsing med bfo
Ragnhild Hemsing. Foto: Cathrine Dokken
Bergen Fiharmoniske Orkester. Foto: Hardingtonar
Bergen Filharmoniske Orkester i Norheimsund Idrettshall. Foto: Hardingtonar

Opningskonserten med Bergen Filharmoniske Orkester

Solist: Ragnhild Hemsing på hardingfele i Geirr Tveitt sin komposisjon, Tri Fjordar.

Om Ragnhild Hemsing
Ragnhild Hemsing skil seg ut som ein uvanleg allsidig artist. Ho har djupe røter i folkemusikktradisjonen, og på ein vellykka måte smeltar ho saman typiske trekk ved norsk folkemusikk og klassisk musikk på ein ungdommeleg, frisk og moderne måte.
Hemsing har eit stort repertoar med klassiske soloverk for fiolin, og supplerer det med meir kompliserte verk skrivne for hardingfele som til dømes Geirr Tveitts «Tri fjordar» for hardingfele og orkester.
I 2018 fekk ho Hilmar Alexandersen musikkpris nettopp fordi ho saman med ein imponerande karriere som klassisk fiolinist også på framifrå måte har makta å løfte fram folkemusikken og hardingfela.
Hardingtonar har hatt gleda av å ha Ragnhild Hemsing på programet fleire gonger og i ulike samanhengar dei siste 10 - 12 åra. 

Om Bergen Filharmoniske Orkester
Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) har status som nasjonalorkester i Noreg.  I 2015  kan dei som eit av verdas eldste orkestrer feira 250-års-jubileum.
Edvard Grieg var i si tid nær knytt til BFO, og i åra 1880-82 var han kunstnarisk leiar for orkesteret.
Bergen Filharmoniske Orkester er svært aktiv på platemarknaden og har dei siste åra hatt mange nye innspelingar med gode kritikkar, der fleire er høgt prislønte. Totalt har orkesteret bidrege med ca 100 utgjevingar.
Bergen Filharmoniske Orkester har sin base i Grieghallen, men er også heile Vestlandet sitt orkester. Dei har i mange år vore ein hjørnestein for musikkfestivalen Hardingtonar. Orkesteret tel i dag ca 100 faste musikarar. 





 
Hovudsponsor
spv
Sponsorar
Hardintongar_sponosrlogoar_LL
Hardintongar_sponosrlogoar_KN
Hardintongar_sponosrlogoar_GBS
Hardintongar_sponosrlogoar_Thon
Hardintongar_sponosrlogoar_NN
Samarbeidspartnarar
harmonien-logo-liten
Musikselskabet
Harmonien
Kvam-herad
Kvam herad
Norsk-Kulturraad
Norsk Kulturråd
Hordaland-Fylkeskommune-svart
Hordaland fylkeskommune
  
Ein stor takk til våre samarbeidspartnarar og våre sponsorar. Utan deira støtte ville det ikkje bli ein Hardingtonar musikkfestival.
Grasrotandelen
Støtt Hardingtonar Stiftinga med grasrotandelen din når du tippar, kjøper lotto, joker o.s.v.
Hardingtonar, Tolovegen 38, 5600 Norheimsund   -   post@hardingtonar.no   -   Besøk oss på Facebook
Hovudsponsor
Hardintongar_sponosrlogoar_SPV
Sponsorar
Hardintongar_sponosrlogoar_LL
Hardintongar_sponosrlogoar_GBS
Hardintongar_sponosrlogoar_NN
 
Hardintongar_sponosrlogoar_KN
Hardintongar_sponosrlogoar_Thon

Ein stor takk til våre samarbeidspartnarar og våre sponsorar. Utan deira støtte ville det ikkje bli ein Hardingtonar musikkfestival.

 
Samarbeidspartnarar
harmonien-logo-liten
Musikselskabet
Harmonien
Kvam-herad
Kvam herad
Norsk-Kulturraad
Norsk Kulturråd
Hordaland-Fylkeskommune-svart
Hordaland fylkeskommune
Grasrotandelen
Støtt Hardingtonar Stiftinga med grasrotandelen din når du tippar, kjøper lotto, joker o.s.v.
Hardingtonar, Tolovegen 38, 5600 Norheimsund   -   post@hardingtonar.no  -  Besøk oss på Facebook