nv
Foto: Hardingtonar
nv-1
Foto: Hardingtonar

NORDIC VOICES

Om gruppe vert det skrive:
Musikken til Nordic Voices er eit eventyr av alt det merkelege menneskestemma har funne på opp gjennom tida, so vel i folkemusikken som i kunstmusikken.

Måten dei skapar ein integrert vev av menneskeleg musikalsk uttrykk, på tvers av tidsaldrar, gjer det til ei heilt særeigen oppleving å vera til stades ved konsertane deira.

Dei hentar for eksempel eksotiske kvarttonar og strupesong og løfter publikum opp og ut og bort til andre stader der det er interessant for folk flest å vera.

Tone E. Braaten
Ingrid Hanken
Ebba Rydh
Per Kristian Amundrød
Frank Havrøy
Rolf Magne Asser

OM KONSERTEN PÅ HARDINGTONAR
Våren er endelig her, hør vi snur! Det seier den franske filosofen Jean-Jacques Rousseau. Tilbake til naturen, med fuglekvitter i reiret, vert livet tilsynelatande enklare.
 
Diktarane, forfattarane og musikarane har heile tida brukt naturen som bilde og symbol for å skildra hendingar, følelsar og stemningar og alt me ikkje har ord for å omtala.
 
Under renessansen var dei meistrar av dette symbolske språket. Dei brukte det naturlege og frodige for å skildra kjærleik og lidenskap. Her er amorøse fiskar og fuglar samt kjærlege par blant blømande åsar.
 
Skelbred sitt stykke er henta frå The Bee Madrigals, og kan seiast å vera eit stykke om fråvær av lyden av dei svermande biene. Heile verket er komponert med den omfattande bie-døden som eit trist og ekte bakteppe.
 
Lydane rundt oss i dag er ikkje berre frå naturen. I den tyske komponisten Peter Ablinger sine stykke møter me fleire av lydane i byen, dei som er rundt oss, men utan at me gjev dei så mykje merksemd.
 
Lasse Thoresen er en norsk komponist som har henta mykje inspirasjon frå norsk folkemusikk, som  her i Solbøn. Stykket er ei slags forbøn for heile verda. Ei heilt anna verd av lyd høyrer me i samansetninga hans rundt den persiske songen The Impatient Bride, med tekstar av den iranske poeten Táhirih. Ho var ein svært berømt poet, teolog og forkjempar for kvinner sine rettar, og vart avretta for si religiøse tru i 1852. Tekstane hennar er framleis forbode i Iran i dag.
 
Konserten avsluttar med Maja Ratkje sitt stykke, der naturen møter byen. Vinden bles over torget, der duene et det som er igjen av popcorn og karamellpapir…


NETTSIDE
 
Hovudsponsor
spv
Sponsorar
hardintongar sponosrlogoar ll
hardintongar sponosrlogoar kn
hardintongar sponosrlogoar gbs
hardintongar sponosrlogoar thon
hardintongar sponosrlogoar nn
Samarbeidspartnarar
harmonien-logo-liten
Musikselskabet
Harmonien
kvam-herad
Kvam herad
norsk-kulturraad
Norsk Kulturråd
hordaland-fylkeskommune-svart
Hordaland fylkeskommune
  
Ein stor takk til våre samarbeidspartnarar og våre sponsorar. Utan deira støtte ville det ikkje bli ein Hardingtonar musikkfestival.
grasrotandelen
Støtt Hardingtonar Stiftinga med grasrotandelen din når du tippar, kjøper lotto, joker o.s.v.
Hardingtonar, Tolovegen 38, 5600 Norheimsund   -   post@hardingtonar.no   -   Besøk oss på Facebook
Hovudsponsor
hardintongar sponosrlogoar spv
Sponsorar
hardintongar sponosrlogoar ll
hardintongar sponosrlogoar gbs
hardintongar sponosrlogoar nn
 
hardintongar sponosrlogoar kn
hardintongar sponosrlogoar thon

Ein stor takk til våre samarbeidspartnarar og våre sponsorar. Utan deira støtte ville det ikkje bli ein Hardingtonar musikkfestival.

 
Samarbeidspartnarar
harmonien-logo-liten
Musikselskabet
Harmonien
kvam-herad
Kvam herad
norsk-kulturraad
Norsk Kulturråd
hordaland-fylkeskommune-svart
Hordaland fylkeskommune
grasrotandelen
Støtt Hardingtonar Stiftinga med grasrotandelen din når du tippar, kjøper lotto, joker o.s.v.
Hardingtonar, Tolovegen 38, 5600 Norheimsund   -   post@hardingtonar.no  -  Besøk oss på Facebook