pressebilde 1 - naboen min - %c3%98yvind zahl
Foto: Øyvind Sundfør Stokke-Zahl
Bjørnar Sangolt og Vegard Markhus
Bjørnar Sangolt og Vegard Markhus, foto: Øyvind Sundfør Stokke-Zahl

Familiekonsert med Naboen min!

Når Naboen min, med frontfigurane Vegard Markhus og Bjørnar Sangolt, kjem på scenen kan me vente oss songar om både dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Om du i tillegg vil lære deg nokre glosar på romvesensk, ja, då er du absolutt komen på rett plass. 

Dei to naboane skriv songane sine sjølve og seier dei har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. Me ser det an til at dei når dette målet, og gler oss stort til lage ein familiefestkonsert!

Vegard Markhus     Vokal og gitar
Bjørnar Sangolt     Gitar og kor
Einar Olsson           Trommer og kor
Eirik Utne               Bass og kor
Barnekor                Kvam Soul Children

Naboen Min gav i 2018 ut debutplata si «Rockesock». Denne vann dei Spellemannsprisen i kategorien «Barnemusikk» for. Musikken på albumet spenner frå rock til viser, og ein kan òg finne inspirasjon frå både reggae og country. I tekstane, som er på nynorsk, finn ein både humor og alvor.