1 (3)
Foto: Artuas Gailius

Djønne og Børsheim

Djønne&Børsheim er ein duo som består av folkemusikarane Rannveig Djønne på toradar og Annlaug Børsheim på hardingfele, gitar og song. Dei har spelt og komponert musikk saman i 12 år, turnert ulike stader i Europa og Noreg og spelt hundrevis av skulekonsertar. Dei har også gitt ut plata "Toran dans - populærmusikk frå Hardanger".

På denne førestillinga så får de lære om instrumenta til Annlaug og Rannveig. Kanskje får de syngje litt og høyra nokre meir eller mindre sanne historiar. Og de får garantert høyra mykje fin musikk!