1 (3)
Foto: Artuas Gailius

Djønne og Børsheim

Djønne&Børsheim er ein duo som består av folkemusikarane Rannveig Djønne på toradar og Annlaug Børsheim på hardingfele, gitar og song. Dei har spelt og komponert musikk saman i 12 år og turnert både heime og elles i Europa. Saman har dei gitt ut plata «Toras Dans – Populærmusikk frå Hardanger». 

Repertoaret deira er i hovudsak eigen musikk og tekst tufta på tradisjonsmusikk frå Hardanger. Dei er aktive som musikarar, komponistar og tekstforfattarar på kvar sine kantar, både som solistar og i ulike samarbeidsprosjekt. Sommaren 2019 hadde dei urframføring av musikkteateret Husmann med tekstar av forfattar Ruth Lillegraven.