sp%c3%b8rsm%c3%a5lstegn

Vert det Hardingtonar i år?

Det internasjonale koronautbrotet legg store begrensingar på samfunnet. Fleire har spurt om det vert Hardingtonar i år. Føringane frå helsestyresmaktene strekkjer seg førebels berre til over påske, men at dette vil påverke festivalen vår er det mykje som talar for. Me veit berre ikkje på kva måte enno.
 
Me støtter den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte. Både for publikum, artistar og andre berørte partar håpar me å kunne gjennomføre hardingtonar, men me veit ikkje om dette let seg gjere. Me ber om forståing for dette, og informerer så snart me kan.

Fram til me veit meir oppmodar me alle om å lytte til fin musikk, sjå på noko vakkert og å studere vårteikna som snik seg fram - virus eller ikkje.

Og elles: vask hendene, hald deg borte frå folk du ikkje bur saman med, følg styresmaktene sine føringar  – og støtt dei artistane som finn kreative måtar å dele kunsten sin på!