header
v-side
 

Mari Boine

Laurdag 18. juni, 2011 - kl. 20:30
Norheimsund Idrettshall

Mari Boine er utan tvil Norge sin fremste representant for «verdsmusikken».

I tildelinga av Anders Jahres kulturpris seier juryen i 2009: ”…Boines musikk tilhører noe av det fremste som er skapt i vår del av verden i løpet av de siste desennier”

Hardingtonar ser ein parallell til Geirr Tveitt som skapte stor musikk med klangbotn frå folketonane i Hardanger. Mari Boine har med bakgrunn i samisk musikk skapt eit grensesprengjande musikalsk uttrykk påverka av både jazz og rock. Boine er ein respektert artist i miljø over heile verda og musikken hennar fengjer eit stort og mangfaldig publikum.
I 2009 vart ho slått til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for sin allsidige kunstnariske virke. Ho har motteke Nordisk Råds Musikkpris, og ho skapte musikken til den norske suksessfilmen Kautokeinoopprøret.


www.mariboine.no

 

 
  tilbake  
footer
Les om årets plakatkunstnar Hardingtonar på Billettservice.noSparebanken Vest