Hardingfela og felemakarane på Botnen - eit forteljeteater for barnehagane
Fredag 17. juni, føremiddag
Kvam kino Norheimsund
Merethe Gauden - forteljeteater
Alexander Røynstrand - hardingfele
På oppdrag frå Hardingtonar i 201 laga Merethe Gauden eit program om Geirr Tveitt for barnehagane.
I år fekk ho nytt oppdrag frå Hardingtonar. Tema denne gongen var: Hardingfela og historia om felemakarane på Botnen, som vart nokre av dei beste fiolin- og felemakarane me har hatt i Norge.
Merethe Gauden har lang erfaring med å setja saman framføringar for born. Ho er mykje nytta gjennom ”den kulturelle skulesekken” kring i heile Hordaland, og gjennom biblioteka, der ho har sitt daglege arbeid
I 2008 reiste ho mellom anna rundt til skulane i Hardanger med ”Gutane frå Hardanger som vart to av verdas største kunstnarar”, ei framføring om Olav H. Hauge og Geirr Tveitt, på opdrag frå Harding Puls.