velkomen til Hardingtonar 2012
Festivalen går av stabelen for 22. gong.
På mange måtar fortel dette oss at festivalen bygd rundt komponisten Geirr Tveitt, er rotfesta og vel etablert i bygdene våre i vakre Hardanger.
I år vert det utan vårt faste ”husorkester” Harmonien grunna stort arbeidspress for orkesteret. Dette er heldigvis berre eit eingongsfenomen og alt skal vera i rute til neste år.

Difor fekk me denne gongen høve til å invitera TrondheimSolistene til å kasta glans over opningskonserten fredag kveld kl. 19:30
Dei har lova oss eit variert program som sjølvsagt inneheld verk av vår eigen Geirr Tveitt. Dei har med seg solisten Gjermund Larsen

Fargespill
Hardingtonar ynskjer å vera ein inkluderande festival der alle nasjonalitetar er velkomne. FARGESPILL er nettopp dette og tek oss med i eit musikalsk fyrverkeri i Idrettshalllen laurdag ettermiddag kl 18:00.
Deretter vert det Jonsokfeiring. |